Gå til innhald

Love & marriage

9 august 2010

You can’t have one, you can’t have none, you can’t have one without the other!

Twist and shout

14 juni 2010

Fem dagar att og det er på tide å varme opp dansefoten. Vi gler oss vilt!

Vi begynner roleg med litt easy-listening Motown med nyyydelege mooves.

Går så over til ei aldri så lita innføring i den obligatoriske selskapsdansen Twist.

Etter oppvarminga er vi klare for å kopiere sjølvaste kongen – månegangen og alt det andre:

Gutar som verkeleg vil imponere kan jo begynne å øve på denne – ein garantert damemagnet. Som Jonny og Baby veit alt om kan det nok lønne seg å øve litt i forkant. Vi fråskriv oss alt ansvar for eventuelle mislukka løft.

Etter at ledda er godt oppvarma knyttar vi lakkskoa og er klare for the tightrope.

Så ein song som vi har tru på at alle kan greie utan for store anstrengelsar.

For dei dristige! Litt ut på kvelden er det kanskje nokon som vil slå ut håret og leve seg inn i draumedansefilmen?

Siste dans er klin. Sjølvsagt! For å sette alle som var unge på 90-talet i den rette klubbkveldstemninga tar vi med ei gammal stjerne (som vi ikkje har invitert med på laurdag).

To dagar til ende

24 mai 2010

Klikk på programmet for større bilete.

Vi blir veldig glade om dei som kjem på fredagen gir ein lyd om dette så snart som råd, slik at pappa Gjelsvik veit kor mange krabber og reker han skal kjøpe med seg frå Ålesund. Velkommen!

Ønskjer

28 april 2010

Mange har spurt oss om kva vi ønskjer oss til den store dagen. Svaret er først og fremst ein minnerik bryllaupsdag saman med vener og familie. Mange gjestar og mykje sprell og moro er det beste vi kan få!

Utanom ein fin dag ønskjer vi oss mest av alt opplevingar vi kan like, aktivitetar vi har godt av og generell moro. Gjerne aktivitetar som vi kan dele med dei vi får gåva frå! Alt frå konsertbillettar, middagsinvitasjonar og festivalbillettar, til turar, naturopplevingar, helseferie og anna moro.  Her er det fantasien som set grenser. Vi er med på det meste.

Det hadde òg vore stas med eit kunstfond med litt pengar til å kunne kjøpe den kunsten vi verkeleg har lyst på, men aldri tek oss råd til. Får vi ein slant øyremerka dette, lovar vi å kjøpe oss eit flott bilete eller to og invitere deg til å komme og sjå på det. Kanskje blir det til og med eit av sjølvaste Oddvar.

Etter oppfordring har vi dessutan laga lister med ting og tang vi godt kunne tenke oss å ha i hus. Fine vinglas og dessertskåler kan komme godt med når vi skal invitere fintfolk på besøk framover. Gamalt eller nytt er like stor stas.  M. er til dømes veldig glad i Lotus-serien frå Cathrineholm og blir hoppandes glad dersom nokon klarer å trylle fram ein bolle eller ei kanne frå gamle hyller og skap.

Vi har lagt ut lister på Tilbords og Ting . Tilbords-lista finn du på www.mittgavetips.no. (Passord: tolfviks), eller ved å skrike ut namna våre i ein Tilbords-butikk. Ting-butikkane finn du i Førde, Bergen, Oslo og Trondheim.

Kjømeister Breistein og den gode hjelparen

18 april 2010

kjøkemeister (lty kokenmester «kjøkensjef») person som leier trakteringa og seremoniane under (bryllaups)festen; toastmaster.

Frå gamalt av hadde kjømeisteren ansvar for å sjå til at laget gjekk for seg i sømmelege former og at alle lokale reglar for slike lag vart fulgt. Særskilt hadde han plikt til å halde talar etter kvart som laget skrei fram, synge og lese ved bordet og å ha overoppsynet med servering av mat og drikke. Kjømeisteren måtte difor ha ein sterk autoritet, utan å misbruke denne. Den gode kjømeisteren var ein respektert mann i bygda.


Vår kjømeister/toastaster/visevert er både respektert, likandes og av god kjømeister-ætt. Når ho i tillegg er eit oppkomme av kunnskap om selskapsleikar, songar og regler som har med drikking og selskap å gjere, er vi sikre på at dette vert suksess. Gunnveig er ei sprudlande, sporty og tvers gjennom herleg jusjente frå Stord som til dagleg jobbar hos futen i Oslo. Ho dansar framifrå 90-tals hiphop, diggar Salt-n-pepa og er alltid blid.

Gunnveig har vore så heldig å få med seg ein liten hjelpar. Kjetil er ein fantastisk Hordvik-stril med sans for ein god latter og det gode liv. Han er kreativ som få, teiknar teikneseriar på si og syng gjerne Salhusvinskvetten med innleving og «ekta strilamål» dersom du spør han om det. Som gamal rockar er han dessutan ein dugandes gitarspelar. Takka vere Kjetil og hans morosame og skrå blikk på verda har vi truleg forlenga livet med minst eit par år!

Dersom du har lyst til å halde tale, har skrive song til brud og/eller brudgom, har øvd inn eit stykke på blokkfløyta, vil framføre ein dans eller på andre måtar har lyst til å bidra med innslag under middagen eller seinare på kvelden, er det veldig fint om du gjev Gunnveig melding om dette. Ho kan nåast på e-post: gunnveig.breistein@hotmail.com eller telefon: 41631003.

For dei som skulle tvile på det: vi set veldig stor pris på alt av talar, songar, innslag, tant og fjas!

Se min kjole, er i alle farger!

7 april 2010

Mange (kvinnelege) gjestar har allereie spurt og fått svar. Gode ting kan likevel ikkje seiast for ofte:  Vi lot vere å spesifisere antrekk i invitasjonen av den enkle grunn at alt er lov!  Med andre ord er det fritt fram for alle fargar og fasongar;  sjakett, bunad, dress, pingvin, snasne hatteplagg, bukseselar, kort eller lang, moderne eller umoderne, svart eller bart.  «Grønn, blå, gul, hvit, sort og mange fler».
Vi har allereie klappa begeistra i hendene for 1 raud kjole!:)

Einaste unntaket frå ein elles romsleg hovudregel må vere at Merete har ytra ønskjer om å vere den einaste med brudekjole den 19. juni. Bortsett frå det er det berre å slå seg laus!

Dagen før dagen

18 mars 2010

I gode gamle dagar skulle bryllaupa vare tre dagar til ende. Vårt blir nok hovudsakleg feira den 19. juni. Men, sidan fleire fine folk kjem til Førde allereie dagen før dagen og endå fleire er der frå før,  har vi lyst til å invitere gjestane våre på litt å bite i og godt selskap fredagskvelden. Det blir difor ope hus i Pernillevegen frå kl 19 og utover for dei som har lyst å varme opp til den store dagen. På programmet står mingling over enkel mat og drikke, crocketcup og triveleg bli-kjent-stemning. Med andre ord: eit perfekt høve til å tjuvstarte kjennskapen til potensielle borddamer, danseløver og andre gjestar du ikkje kjente frå før. Velkommen!

Det er veldig kjekt visst du som tenker å stikke innom fredagskvelden gir ein lyd sånn litt på førehand, slik at vi har ein idè om kor mykje mat som skal til. Til dømes i kommentarfeltet på dette innlegget.

Transport

14 mars 2010

Sidan Åmot gard  ikkje akkurat ligg i gåavstand til Førde, eller i eit særleg godt utbygd kollektivfelt, kjem vi til å fikse ein eller anna form for transport tilbake til Førde i løpet av natta. Om det blir folkevogn eller anna transport, får tida vise. På ein eller anna måte skal vi i alle fall hjelpe til med å få folk trygt tilbake til Førde – der vi reknar med at dei fleste kjem til å ha base.

Og… 64 har takka ja til invitasjon! Jippi:)

Hadde vi hatt gods, skulle du fått gull..

8 mars 2010

Men det har vi dessverre ikkje. Kanskje med unntak av kåken i Teglverksgata, i den grad den kan kallast eit gods.  Uansett er den uomsetteleg i gull.

Mest av alt hadde vi lyst til å ha ein kjekk bryllaupsfest med mange fine folk, på ein triveleg stad. For å få til dette utan å ta opp forbrukslån (som M. sjølvsagt aldri ville finne på etter si tid hos forbrukarmyndigheitene), måtte vi gjere visse prioriteringar. Garden har nemleg skjenkeløyve.

Ei stund ut på kvelden, tek vi difor av oss spanderbuksene og håpar at gjestane kan finansiere fortsatt konsum i baren sjølv. Til gjengjeld har vi pruta ned prisane så godt vi klarer og skal legge i eit mellomlegg, slik at prisane i baren vert sympatiske. Sjølvsagt skjer dette først etter at både kaffigjestar og middagsgjestar har fått smake fleire (!) edle dråpar kvar! Dessutan nemner vi allereie no at det er ein viss sjanse for at gode bidrag og innslag i løpet av kvelden vert premiert med ekstra dråpar. Kan dokke tilgje oss?

Dei som synst det er på sin plass, er hjarteleg velkomne til å sanksjonere oss med kjipare gåver!:) Det viktigaste for oss er at så mange som mogleg kjem! Dei som skulle angre på å allereie ha takka ja etter å ha lese dette, veit kvar eventuell avmelding kan sendast. Men, ikkje gjer det!

Faktisk har heile 54 gjestar takka ja til no. Det er stor stas, synest vi!

Overnatting

7 mars 2010

Ikkje alle er så heldige å ha familie eller overnatting i Førde og omegn. I beste Lonely Planet-stil gir vi deg difor våre tips til overnatting i området. Til forskjell frå Lonely Planet har vi ikkje prøveovernatta dei ulike overnattingsstadane, men kor gale kan det bli?!:)

EKSKLUSIVT

Rica Sunnfjord Hotell & Spa. Lokalisert midt i Førde sentrum, med den velkjende utestaden Tresken i kjellaren og «knokkelloftet» Laxen i overetasjen. Med andre ord: dette er staden for deg som vil treffe dei lokale i fri utfalding på kveldstid. Vil du kombinere bryllaup med pleie av kropp og sjel, har dei til og med fått seg ei splitter ny spa-avdeling her.

MELLOMKLASSE

Quality Førde hotell. Drøymer du om å bu like ved rundkøyringa (ja, den første og einaste i Sogn og Fjordane fram til eit stykke ut på 90-talet) i ei autentisk 60-tals murblokk, er dette staden. Hotellet har ein flott sveitservilla-fasade og passar perfekt for deg som er ute etter den ekte kjensla av arkitekturen i Førde by – ein miks mellom gamalt og dyster 60-tallsarkitektur. Hotellet har til og med ein utstoppa brunbjørn i resepsjonen!

Førde pensjonat. Ligg eit lite kvarters rusletur frå downtown Førde – like ved huset til Førdes store son malaren, teiknaren, grafikaren og eehh.. songaren Oddvar Torsheim. Er du heldig, møter du han på din veg til sentrum og får ein artig prat og/eller ei lita signert teikning.

BUDSJETT

Førde Gjestehus & Camping. Enkelt, billig og heilt greitt. Campingen (på folkemunne) ligg ein 3 minutters køyretur eller halvtimes rusletur frå Førde sentrum. Ønskjer du å prøve Førdes framifrå shopping, så kan det vere greitt å vite at campingen ligg like ved Biltema, Coop Extra, og Førdes turistattraksjon nummer 1 for pensjonistar : SparKjøp.

LANDLEG IDYLL

Rytnetunet.  For deg som ønskjer å kombinere bryllaup med flott og mektig sunnfjordsk natur og ro, anbefalar vi Rytnetunet. Med badestamp, mektig utsyn over bygda Bygstad, ekte bondsk stemning og kort veg til fjellet over alle fjell, Storehesten.  Her har Tolfviks festa mang ein gong, så dette kan anbefalast for dei som vil prøve noko annleis. Bonuspoeng for at Rytne ligg i Bygstad – same bygd og kommune som Åmot gard – om enn ikkje i gåavstand.

Andre overnattingsstadar finn du på: sunnfjord.no